Hopp til innholdet

    Danning skjer gjennom refleksjon

    Etiske refleksjonar om IKT er ein naturleg del av kvardagen i barnehagen, meiner forskar Svein Sando. – Vi må finne balansen mellom for mykje og for lite. Mellom å vere for romslege eller for tilbakehaldne. Det gjer vi best gjennom å snakke med barna.

    Svein Sando har vore ute i åtte barnehagar og sett om og korleis dei bruker IKT. Han såg på kva dei gjorde i praksis, og han snakka med personalet om kva dei brukte av ny teknologi. Han var interessert i å finne ut av kva for etiske refleksjonar dei tilsette gjorde rundt bruken av IKT.

    – Eg hadde nok ei forventning om at eg skulle oppdage mykje som ikkje var bra. Det gjorde eg ikkje. Alle eksperimenterte med IKT, men veldig få tilsette hadde kurs og opplæring. Mange brukte sitt pedagogiske skjønn og gjorde etiske refleksjonar omkring bruken av digitale foto, spel og internett.

    Studien vart gjord i 2009/2010, og det er naturleg å tru at både teknologien og dei etiske utfordringane har blitt meir påtrengjande sidan den gongen, meiner Sando.

    SNAKK MED BARNA OM FOTO!

    Digitale foto blir no spreidde på nettet raskare enn nokosinne. Dette gir etiske utfordringar også for barnehagar. Når det er påskefrukost og andre hendingar i barnehagen, tek foreldra ofte bilete av sine eigne barn. Somme legg dei ut på Facebook. Men kva skjer dersom vesle Emil står i bakgrunnen på eit av bileta og græt? Korleis opplever han at eit slikt bilete blir spreidd på nettet? Det er det truleg ingen som spør han om. Dei som har lagt ut biletet, har gjort det i beste meining. Men ville dei sjølve likt å sjå eit bilete av seg gråtande, med snørr og sminke rennande nedover ansiktet?

    Ein av barnehagane Sando besøkte, hadde tenkt mykje på dette. Dei opplevde at foreldra delte ting på Facebook og eksponerte andre barn enn deira eigne. Dei hadde komme fram til ein regel om at ingen fekk lov til å fotografere i barnehagen i det heile. Berre personalet fekk ta bilete. Bileta vart brukte i diskusjonar med barna. Eit av spørsmåla dei diskuterte, var om det var ok å hengje opp bilete av dei på veggen i barnehagen, eller distribuere dei vidare til dei andre foreldra.

    Det kan vere relasjonar mellom foreldre og barn som gjer at eit barn blir utsett for risiko når eit fotografi kjem på avvege. Men det treng ikkje å vere så alvorlege situasjonar før ein skal slå på dei etiske varsellampene.

    – Dei fleste av oss vil gjerne stå fram som blide og hyggelege på fotografi som blir viste til andre, og det er ei rad situasjonar der ein er fotografert, der det ikkje er tilfellet. Det gjeld òg barn. Dette er noko ein kan snakke med barna om. Dei kan sjølve vere med på å avgjere om fotografi skal hengjast på veggen eller leggjast ut på den interne nettsida til barnehagen. Dette vil òg vere i samsvar med prinsippet om barns medverknad i barnehagen.

    UEIGNA INNHALD PÅ NETTET

    Fotografering var det IKT-området som det var enklast for dei tilsette å snakke med barna om, erfarte forskaren. Det var verre å snakke om nettsider som barna kom over når dei leitte etter spel og anna.

    Halvparten av dei barnehagane Sando besøkte, var kopla til internett. Den pedagogiske grunngivinga for å bruke internett var at barna hadde eit engasjement for eit tema. Særleg populært blant barna var det å leite etter musikk på YouTube.

    Av og til kom det da opp innhald på sida som er ueigna for barn. Dette var utfordrande for personalet. For eksempel kan eit barn som leiter etter musikk av Michael Jackson, komme over relaterte musikkvideoar av menneske som speler zoombiar. Noko som kan gi eit barn mareritt om natta.

    – I ein barnehage opplevde eg at det skapte litt panikk da eit barn kom over nakne damer på ei nettside. Den einaste reaksjonen var at nettet måtte stengjast, eller at dei vaksne førehandskontrollerte sidene som barna skulle bruke, noko som er bortimot umogleg i praksis.

    Slik behøver det ikkje å vere, meiner forskaren. Dersom innhaldet ikkje er for grovt, er det mogleg å bruke hendinga til refleksjon. Kva var det du såg? Var dette eigentleg så bra? Korleis skal vi unngå å komme over dette innhaldet?

    KNAPT MED DIGITALE RESSURSAR

    Dei tilsette i barnehagane Sando besøkte, brukte i varierande grad dataspel. I ein av barnehagane tok dei derimot spel på alvor, og dei forsøkte å halde seg oppdaterte på dette. I denne barnehagen hadde dei laga eit eige rom til speling fordi barn som speler, treng konsentrasjon, meinte barnehagelærarane.

    – Eg opplevde at knapt med digitale ressursar faktisk var ein stor fordel i denne barnehagen. Barna måtte samarbeide om spela. Sjølv om eit barn sat ved musa og tastaturet, kunne det vere andre barn som kommenterte kva som skulle gjerast. Eg opplevde det som eit utstrakt samarbeid, seier forskaren.

    Den største utfordringa med dataspel er mengda, meiner Sando.

    Barnehagen kan hjelpe barna til å spele dataspel utan at det tek for stor plass i livet deira, meiner forskaren.

    MÅ SNAKKE OM DANNING

    Sando meiner at danning heng nært saman med å reflektere.

    – Det er balansen mellom for mykje og for lite, mellom det å vere for romslege og for tilbakehaldne som det er viktig å finne. Det å snakke om noko er eit verkemiddel for danning.
    – Vi må våge å ha eit sjølvkritisk blikk, meiner han.
    – Vi må tore å feile. Ideal er bra, men dei gir berre ei retning. Vi blir ikkje danna dersom vi heile tida må vere perfekte.

    Siw Ellen Jakobsen

    Foto: Freddy Wike

    Kilde

    Sando, E. S. (2014). Barn, IKT og etikk: en studie i digital etisk dannelse, med norske barnehager som case. Ph.d.-avhandling. Det teologiske Menighetsfakultet, Universitetet i Oslo, Norge

    Dialogkort

    I RAMMEPLANEN FOR BARNEHAGEN STÅR DET:

    I rammeplanen for barnehagen står det: «Barn bør få oppleve at digitale verktøy kan vere ei kjelde til leik, kommunikasjon og kunnskapsinnhenting.» (Kunnskaps-departementet 2011:27).