Hopp til innholdet

    Rammeplan i bruk

    Ny rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver vart lansert 24. april 2017 og gjeld frå august 2017. Årsakene til at vi har fått ein ny rammeplan, er fleire. Samfunnet er i utvikling, og det same er kunnskapen vi har om barn, barndom og den norske barnehagen. Barndommen har eigenverdi, og leiken har og skal ha ein sentral plass.

    Barnehagen har eit viktig oppdrag i å gi det enkelte barnet eit godt barnehagetilbod og ein god barndom, og alle barn har rett på og skal få eit godt barnehagetilbod, same kvar dei bur, og kva for barnehage dei går i. Den nye rammeplanen skal bidra til at alle barn kan trivast, leike og utvikle seg i barnehagen.

    Eit av grepa som er teke i den nye rammeplanen, er at pliktene til barnehagens personale er tydelegare gjennom heile rammeplanen, i tillegg til at roller og ansvar er presiserte i eit eige kapittel. Det første kapitlet løftar fram det verdigrunnlaget barnehagen skal byggje på og fremje, og her har demokrati, mangfald og gjensidig respekt, likestilling og likeverd, berekraftig utvikling, livsmeistring og helse ein sentral plass. Mange barnehagar har jobba med dette lenge, mens andre barnehagar opplever delar av verdigrunnlaget som nytt.

    Helseperspektivet har fått ein større plass, blant anna ved at barnehagens ansvar for å førebyggje, stoppe og følgje opp mobbing er presisert. Dei yngste barna har fått eit større fokus ved at alle kapitla i rammeplanen er skrivne slik at dei også famnar dei yngste barna, og barns ulike språk og uttrykksmåtar. Språkarbeidet har framleis ein viktig plass i barnehagen, og medverknad og inkludering gjennomsyrer alle kapitla i rammeplanen.

    Sjølv om den nye rammeplanen gir tydelege føringar, gir han framleis lokalt handlingsrom og føreset at personalet gjer gode faglege og profesjonelle vurderingar i val av innhald, arbeidsmåtar og organisering.

    Les meir på nett: udir.no/rammeplan

    Privat: Rammeplan i bruk

      Privat: Rammeplan i bruk