Hopp til innholdet

    Forskningsdatabasen NB-ECEC

    Dersom du vil vite meir om forskinga som ligg bak artiklane i Vetuva, eller gjerne vil vite kva forskarar elles seier om barnehagar, så klikk deg inn på forskingsdatabasen www.nb-ecec.org. Her finn du fleire hundre forskingspublikasjonar, publiserte av skandinaviske barnehageforskarar.

    Dersom du vil vite meir om forskinga som ligg bak artiklane i Vetuva, eller gjerne vil vite kva forskarar elles seier om barnehagar, kan du klikke deg inn på forskingsdatabasen www.nb-ecec.org.

    nb-ecec.org

    NB-ECEC står for Nordic Base of Early Childhood Education and Care. Databasen inneheld kvalitetsvurdert forsking frå Noreg, Danmark og Sverige – og er gratis å bruke.

    Finn fram

    I søkjefeltet kan du skrive kva du er interessert i å vite meir om. Du kan til dømes søkje på eit emne, ein forfattar, ein spesiell forskingsmetode, eller det landet du gjerne vil sjå forsking frå. Du kan òg gjere eit guida søk, der du kan velje førehandsdefinerte emne.

    Når du kjem inn på sida med det relevante studiet, kan du velje ulike inngangar for å få vite meir om det. Du kan lese meir om formålet med studiet og få eit kort samandrag av dei viktigaste resultata, og du kan lese om korleis forskinga er designa, og kven som står bak.

    Dersom studiet er elektronisk tilgjengeleg for ålmenta, kan du laste det ned og lese det når du vil.

    Privat: Forskningsdatabasen NB-ECEC

      Privat: Forskningsdatabasen NB-ECEC